Minicart 0

Du har ingen produkter i handlekurven.

Tannlege Espelid 2003

Tannlege Kari Espelid sitt opphold i perioden mai/juni 2003

Etter landsmøtet hausten 2002 var det ein ting eg var heilt sikker på: Eg ville dra til tannklinikken på Haydom i Tanzania og jobbe der nokre veker. Tannlege Hilde Ursin stod på Dental Sør sin stand på dentalutstillinga og fortalde begeistra om opphaldet sitt på Haydom til dei som ville høyre på.

 

Ein e-post til dr. Olsen på Haydom like etter eg var heime att, gav eit raskt svar om at eg var hjarteleg velkomen i mai/juni i år, slik eg ynskte. Den praktiske planlegginga byrja eg med etter nyttår. Eg fekk god hjelp gjennom telefon-samtalene både med Hilde og med Johannes Øpstad som var nede i januar.


Det eg hadde minst lyst til, var å “tigge” forbruksvarer og supplerande utstyr. Fleire brev fekk eg ikkje noko svar på. Men Dental-Direct v/Claus Kammersgaard i Horten sponsa dentalvarer og CEFEM i Trondheim sponsa nitrilhanskar. Anestesi måtte eg kjøpe sjølv, sidan apoteka har blitt kjeder og ikkje har mulighet for denne type sponsing lenger, ifylgje det lokale apoteket vårt. Vestfold fylkeskommune spanderte permisjon utan løn.
I februar fekk eg ein totalt uventa, men svært gledeleg telefon frå Trond Egil Korsmo i Visma/Pluss regnskap i Kristiansand om at firmaet ville betale reisa for meg.
Mange takk til dykk som støtta reisa og arbeidet!

Tysdag 20. mai reiste eg med fly frå Torp via Amsterdam til Kilimanjaro flyplass ved Arusha i nordre Tanzania.
Dei tre frå Haydom som møtte meg på flyplassen kombinerte henting av tannlege med å avvikle eksamen i engelsk for sjukepleiarstudentar frå Haydom i Arusha, så eg måtte bli over ein dag ekstra i Arusha. Det var bare ein fordel. Dr. Olsen hadde ordna overnatting for meg på Scripture Mission, Misjonsambandets litteratursenter i Aust-Afrika. Med god hjelp av norske misjonærar fekk eg hjelp til å ta meg fram i byen, ta ut pengar og handle matvarer som ein ikkje kunne få tak i på Haydom.

Torsdag starta den åtte timar lange bilturen inn til Haydom. Barbra, ei amerikansk dame som er språklærar på sjukepleiarskulen, var med i bilen og fortalde mykje om det vi såg undervegs. Regntida hadde kome for seint i år, så vi såg øydelagde maisåkrar over store område der vi køyrde forbi. På den tid eg skulle heimatt, ville fleire område vera ramma av hungersnaud. Seinare såg eg korleis folk på sjukehuset arbeidde med ekstra innkjøpt mais som skulle brukast når folk kom fordi dei ikkje hadde meir sjølve.

 


Reisebreva frå dei andre tannlegane utfyller kvarandre i å beskrive reisa inn til Haydom og mykje av det ein kan oppleva der, så eg skal prøve å ikkje ta opp att for mange ting, men fortelja litt laust og fast om min erfaringar.
Men som dei andre tannlegane vart eg også presentert og ynskt velkomen på morgonandakten på sjukehuset den fyrste dagen og på gudstenesta i kyrkja den fyrste sundagen, der nærare tusen menneske var til stades.

Klinikken er eigentleg brukbart utstyrt for å gjera ein tilfredsstillande jobb, men visse krav til effektivitet og problemfri/optimal jobbing må ein legge vekk i Afrika. Etter at fleire tannlegar har vore der og alle har hatt med litt utstyr/forbruksvarer, blir klinikken betre utstyrt etter kvart, men uniten treng service etter tre år. Ein av dei siste dagane smalt det i lampearmen og dermed kunne den bare flytast horisontalt. Forsøk på reparasjon av lokale reparatørar var mislykka.

I løpet av vel fire veker la eg 40 fyllingar og trekte 73 tenner, mest molarar. Med 30 mil til næraste tannlege, i Arusha, er konserverande behandling ikkje noko reelt alternativ for dei fleste. Folk i Tanzania er mykje meir vane med å tola smerte enn her i Norge, hovudsakeleg fordi dei har ikkje noko val. Altså går dei med caries til prosessen går til pulpa eller forårsakar ein abcess. Fyrst då oppsøker dei sjukehuset, der «Clinical officers» kan gjera ein ting for å avhjelpe smerta, nemleg trekke tanna. Og derfor kom dei til tannlegen også.

Rotfylling av premolarar og molarar var uaktuelt for dei pasientane eg var borti pga prisen, at dei ville bli ferdige med problemet der og då eller at dei ikkje syntest det gjorde så mykje å miste ei tann.
Pasientmengda varierte frå dag til dag.

Det var bare å lære seg at pasientane kom når dei kom, og dagen vart slik han vart.

Fagleg fekk eg sett ting eg sjeldan og aldri har sett i Norge: Svære abcessar i kjeven, 2-3 cm stor fistelopning utanpå kinnet og osteomyelitt. Eg hadde aldri drøymt om å få sjå ein pasient som var angripen av ei hyene! Hyena hadde frakturert underkjeven hans og rive ut alle tennene i fronten, knekt ein arm og gjeve han mange stygge bitt på kroppen. Livet kan vera hardt i Afrika….


Eg fekk også vera med dr. Olsen på eit par kjeveoperasjonar. Eg lærte eit nytt uttrykk der nede: «Fattigdommens patologi». Patologiske prosessar i alle delar av kroppen får gå så mykje lenger og bli så mykje alvorlegare før folk får behandling, anten pga mangel på behandlarar eller pga at pasientane ikkje har råd til å oppsøke sjukehus eller lege pga eigenandelen dei må betale. Periodar med for lite mat i oppveksten skaper også grorbotn for alvorlege sjukdomar seinare i livet, som t.d. osteomyelitt i andre delar av skjelettet.

Sjølv om tannbehandling på Haydom var rimeleg, 2100 shilling, ca 15 kr, for bedøving og trekking, hende det ikkje sjeldan at Joyce, assistenten min, diskuterte vel og lenge med pasienten kor mykje behandlinga ville koste og om vedkomande hadde nok pengar den dagen.

Månadsløna for dei som hadde fast jobb på sjukehuset varierte frå ca 35.000 – ca 50.000 shilling, dvs frå 245 -350 kroner. Men dei fleste av pasientane som kom, hadde ikkje så sikre inntekter.

 

Møtet med fattigdommen var kanskje det som gjorde sterkast inntrykk på meg. Det er eit gap mellom den materielle levestandarden vi har i Norge og det dei fleste på Haydom og elles i Tanzania har. Eg trur ikkje eg var den som var dårlegast førebudd på dette, men det var likevel noko heilt anna å sjå ting i virkelegheten enn gjennom media.
På den fyrste turen opp i Haydom «by», såg eg mest søppel og rot, skitt, små, fattige hus og menneske overalt som anten dreiv på med eit eller anna, sat, låg og slappa av eller prøva å selja varer. Det merkverdige var at bare etter eit par nye turar opplevde eg dette miljøet som nokså normalt og eigentleg ganske triveleg. Med symaskina utanfor butikken, sykkelreparasjon på gata eller matlaging ved husveggen og masse folk rundt til å prate med, blir det eit ganske uformelt, sosialt og avslappande miljø.

 

Eg var så heldig å ha varm dusj i leiligheten. Ikkje alle på sjukehusområdet hadde det, ikkje eingong dei norske. I nærområdet utanfor sjukehuset henta folk vatn i bøtter og dunkar frå brønnhusa der det var bora etter vatn. Fordelen med borevatn var at det var reint, ulempa var at det inneheldt svært mykje fluor. Fluorose på tennene i større eller mindre grad var eit vanleg syn. Kva dei oransje-brune mønstra på tennene var, var tydelegvis ukjent for mange, jamvel på sjukehuset. Det fekk eg greie på då eg fekk den største og mest uventa utfordringa under opphaldet: Spørsmål om å ha forelesning på engelsk, såkalla «joint lecture» for dei tilsette på sjukehuset, legar, «clinical officers», sjukepleiarar og «nursing students» om tenner kjevar og sjukdom i desse.

 

Heldigvis fekk eg låne eit anatomisk atlas av «dr Steinar», norsk kirurg, så eg fekk teke nokre kopiar på lysark av tenner og kjevar. I tillegg samla eg på uttrekte tenner ei veke, la dei i den bakterie-og virusdrepande løysinga «Virkon» og viste fram desse. På slutten av forelesninga kom eg inn på fluorose, noko som kan vera eit problem ved både tannuttrekking og operasjonar elles i kroppen fordi beinet blir så hardt. Eg fekk ei interessant opplysning frå ein tyskar som arbeidde med eit vassprosjekt i Mbulu, distrikts- «hovudstaden» i området. Han fortalde at WHO har sett 1,5 mg fluor pr l vatn som øvre grense i drikkevatn, medan helse-styresmaktene i Tanzania tillet 8 mg/l!

 

Ikkje alltid var det lett å velja rett behandling. Med alt det arbeidet eg hadde hatt med å redde ein traumatisert sentral i overkjeven på ein ung gut i Larvik i friskt minne like før eg reiste, prøva eg med rotfylling, liming og oppbygging av same tanna på ein ung gut på Haydom, sjølv om dei eigentleg kom for å trekke henne. Medan eg sat med dette, fortalde Joyce at i denne stamma var det tidlegare vanleg å trekke dei nye sentralane når dei kom, rettnok var det i underkjeven, men likevel…. Det enda då også med at eg måtte trekke tanna like før eg reiste.


 

Etter vel fire vekers arbeid på Haydom sit eg att med svært mange forskjellige inntrykk og kanskje endå fleire spørsmål og tankar om framtida for denne klinikken. Mamma Kari (som eg såvidt helsa på på veg til Haydom fordi ho reiste til Norge då) og Ole Hallgrim Evjen Olsen har gjort og gjer eit imponerande arbeid på Haydom. Å etablere ein tannklinikk her ute i bushen er eigentleg ganske eksepsjonelt!
Vi seks tannlegar som har jobba der til no, har gjeve eit lite handslag til arbeidet. Om det er mogeleg å få til ei meir permanent “turnusteneste” á la “Dental volunteers for Israel” etter som klinikken blir meir kjent, er vanskeleg å spå om. På sikt bør nok målet vera å få ein tannlege på meir permanent basis. Men i ei oppbyggingsfase kan norske kollegaer gjera ein god jobb på korttidsbesøk også.
Blir bemanninga av klinikken meir stabil/regelmessig, vil behandlingstilbodet kunna bli betre, som å tilby behandling over fleire seanser, t. d. rotfylling av fortenner med apikal oppklaring. Og ikkje minst å kunna tilby konserverande behandling på eit tidlegare stadium i kariesprosessen. Det er også eit visst behov for protetikk for å erstatte tapte tenner i fronten. Nokre av sjukehuspersonalet etterspurde dette. Slik situasjonen er no, eksisterer ikkje dette behandlingstilbodet.

Kanskje ein av dei viktigaste oppgåvene er å bevisstgjera sjukehuspersonalet på tannpuss, profylakse og tannbehandling så dei kan informere lokalbefolkninga. Cola-reklame finst overalt i Tanzania og brus var noko av det lettaste å få tak i i butikkane. I fylgje Evjen Olsen har Cola redda mange barneliv ved å tilføre rein væske og energi og stabilisere mageinnhaldet, men ulempene ser også ut til å breie seg sett frå eit tannlegesynspunkt. Smågodt i butikkane og tygging av sukkerrøyr kan vera andre av årsakane til at det kom ein del barn og unge med grav karies.

Etter opphaldet er det mi oppfatning at det er viktig å legge solide fyllingar som varer lenge, t. d. amalgamfyllingar med skikkeleg svalehale og nok dimensjon okklusalt. Eg såg nokre fyllingar som hadde falle ut og etterlete eit krater som det ikkje var nokon tannlege til å tette før det var for seint.
Tannstein som har “grodd” urørt i tjue år er steinhard! Den nyreparerte scaleren eg fekk med frå Dental Sør var til liten nytte på denne typen tannstein, så eg greip til turbinen med hardmetallbor på. Det virka!
Siste veka eg var der, vart det innført femdagarsveke og laurdagsfri! Dette hadde vore drøfta for eit halvt år sidan etter ynskje frå dei tilsette på hospitalet, og tredje veka i juni starta vi.
Siste arbeiddagen min, som då vart fredag, fekk eg vera med den mobile mor-barnklinikken ut til ein liten lansby, Singu village, der seks kvinner og tre menn etablerte ein helsestasjon under akasietrea på ein augneblink! Her vart borna vogne, vaksinerte og kontrollerte og mødrene kom til svangerskapskontroll.
Eg måtte klype meg sjølv i armen for å vera sikker på at det var eg som stod midt ute i bushen med pasientar på ein krakk inntil ein jordvegg med sola som lampe og kikka på tenner.
Dei tilsette på mor-barnklinikken gjorde eit imponerande arbeid med enkle middel, så langt eg forstod. I tillegg dreiv dei rådgjeving for HIV-smitta mødre, som hadde fått positivt svar på salivatesten som det nyleg oppretta HIV/AIDS-teamet tok når dei reiste rundt og dreiv forebyggande helseopplysning om denne sjukdomen.

Utanom dr Olsen var det få norske på Haydom då eg var der, sjukepleielærar Hilde Masvie og jordmor og kirurgekteparet Bente Bakke og Steinar Lundemo, samt gynekolog og lærarekteparet Astrid og Hans Alvem som avslutta tenesta si medan eg var der. Men alle desse stilde opp som forklarande orakel, tolkar, guider, vener og hjelparar for ein korttidsarbeidande tannlege. I tillegg var der fagfolk frå andre land. Eg har fått endå meir respekt for den innsatsen misjonærar og hjelpearbeidarar gjer ved å sjå det på nært hald! Likevel er det jo dei nasjonale som utfører mesteparten av det allsidige arbeidet som blir gjort på sjukehuset.


Etter å ha kommunisert på engelsk mykje av tida i over ein månad fylgde det med ein ekstra bonus, nemleg puffet til å halde fram å lesa bøker på engelsk for å halde vedlike ordforrådet.
Av dei nasjonale var det Joyce, assistenten min eg vart best kjent med. Når vi sat og venta på pasientar, fortalde ho mykje om folk og daglegliv i området og om dei forskjellige stammene. I tillegg var det koseleg å bli beden heim til henne og også ein annan tanzaniansk familie der eg vart beden i barnedåp. Gudstenestene med den flotte afrikanske sangen og alle menneska som var til stades var også spesielle opplevingar, sjølv om språket var vanskeleg å forstå.

Den siste helga hadde eg den glede å ta i mot den tredje tannlegen i år, Gina Scott Christensen, med to døtre, som kom samtidig med Egil, mannen min. For fyrste gong var vi to tannlegar samtidig på Haydom og hadde ein dags overlapping til nytte for begge. Det var veldig fint for meg å kunna seia at pasientane kunne koma att i neste månad også, framfor å ikkje vita når neste tannlege ville dukke opp.

 

Etter arbeidet mitt på Haydom avslutta Egil og eg opphaldet i Tanzania med to vekers ferie, inkludert ein tre dagars safaritur og nokre avslappande dagar på Matemwe Beach Village på austsida av Zanzibar. Det kunne vi også skrive ein heil historie om. Sjølv om nordmenn vart frårådde å reise både til Zanzibar og Dar es Salaam på denne tida, opplevde ikkje vi noko som skulle tilsei at det var farleg.
Opphaldet på Haydom og i Tanzania gav ei mengde nye inntrykk og utfordringar, pluss at eg/vi sette stor pris på dei mange hyggelege menneska av ulike nasjonalitetar vi treffte.
Eg utfordrar gjerne fleire kollegaer til å ta ei økt på tannklinikken på Haydom!


Stavern 18. august 2003

Kari Espelid