Minicart 0

Du har ingen produkter i handlekurven.

Tannlege Øpstad 2003

Tannlege Johannes Øpstad og kona Kirsten sitt opphold i Haydom januar 2003.

Tur til Haydom 2003


Draumen om å få arbeida som tannlege i Afrika har eg hatt lenge, men av praktiske årsaker har det ikkje vore mogeleg. Men når Dental Sør ved Jan Thomassen skreiv i NTFs tidende i 2000 at utstyret på Haydom stod klart, ynskte eg å reisa der. Likevel skulle det ta 3 år før det vart alvor.

I november 2002 formidla Jan Thomassen kontakten med Haydom, og me var velkomen. Kona mi, Kirsten, og eg skulle reisa. Billettar vart bestilt gjennom Reisefeber i Bergen. Me hadde billett frå Flesland-Amsterdam-Kilimanjaro, vidare frå Kilimanjaro til Zanzibar og heimatt Zanzibar-Nairobi-Amsterdam-Flesland. Eg fekk permisjon frå stillinga mi som distriktstannlege. Litt påfyll av vaksine måtte me også ha.

Hilde Ursin, som var på Haydom juni 2002, vart flittig konsultert, og me fekk mange gode råd og tips.
Ho hadde laga ei liste over forbruksmateriell som me burde ha me oss. Til innkjøp fekk eg god støtte frå Knarvik apotek, Scadenta, Norsk dentaldepot og Visma Services Kristiansand Pluss rekneskap. Flybilletten min vart dekka av Dental Sør og Visma Services Kristiansand Pluss rekneskap. Hjarteleg takk til alle som gav støtte til turen.

Lørdag 11. januar bar det sørover med fly frå Flesland kl. 06.45. Me landa på Kilimanjaro flyplass kl 23.00 lokal tid. No var me komen til Tanzania. Gleda var stor då me etter å ha kjøpt visum og passert passkontrollen, kom ut og såg ein blid afrikanar stå med skilt der det stod Kirsten og Johannes Øpstad. Me vart kjørt til Novotel Mont Meru hotell. Søndag fekk me omvisning i Arusha. Mandag skulle me reisa vidare til Haydom.

Tida gjekk fort, og me kom oss ikkje avstad frå Arusha før kl 14.00. På fin og rett veg gjekk det i 110 km/t, men det var berre dei to første timane. Me reiste gjennom masaiane sitt rike og talde på hytter for å finna ut kor mange koner dei hadde, ei hytte til kvar kone. Etter to timar begynte det å bera i høgda på dårlig grusveg.

Eg hadde lese reiseskildringa til dei kollegaene som hadde vore på Haydom før oss, men hadde likevel ikkje førestilt meg heilt denne vegen. Dr. Nahman kjørte godt, så me spratt i taket rett som det var. Kl 19.00 begynte det å verta mørkt. Langs vegen såg me små hytter med eit svakt lys i . Stadig møtte me folk langs vegen, men dei var ikkje lett å sjå med mørk hud og mørke klede. Her var det ingen med refleks. Kl 21.30 rulla med inn porten på Haydom, og vart kjørt rett til huset til Kari og Ole Halgrim. Her fekk med ei varm mottaking. Me fekk kvelds hos ”mamma Kari”. ”Så kjekt å høyra ein stril”, sa ho når ho helste på Kirsten. Så skulle det visa seg at dei kom frå same kommunen. Verda er ikkje stor seier dei. Me fekk tilvist hus, og skulle bu i Hope-huset (oppkalt etter ein av mine pasientar som var her som fysioterapeut). Neste dag skulle me koma til frukost hos dr. Olsen.

Me kom oss opp tirsdag morgon og gjekk til frukost kl 07.00. Kl 08.00 var det andakt, og der skulle me presenterast. Etterpå fekk me ei rask omvisning på den nye barneklinikken, som skulle opnast 25. januar. Deretter bar det til tannklinikken. Dr. Olsen hadde sjølv teikna tannklinikken, som låg fint til inne på sjukehusområde. Klinikken hadde to behandlingsrom, men berre eit brukbart utstyr. Det var eit stort venterom, sterilisasjonsrom og eit lite kontor/lunsjrom. Så var det til å pakka ut det som var på kontoret, og pakka opp det me hadde med oss.