Minicart 0

Du har ingen produkter i handlekurven.

Maxi Tannhelse

I 2005 byrja eg å jobbe som assistentannlege ved Sola tannlegesenter og trivdes veldig godt, men i 2017 kjøpte ei større tannlegekjede dei opp, noko som sette tankar i sving i forhold til å åpne eigen klinikk. Ingen tannlegepraksis var til salgs på dette tidspunktet, so eg bestemte meg for å starte heilt frå grunnen av. Interiørarkitekt Hege Stokmo og grafisk designar Vibeke Høie-Holgersen var begge gode støttespelarar for å utvikle mine tankar og idear vidare, på korleis eg ville at tannklinikken skulle sjå ut og fungere.

Fyrste steg var å finne eit eigna lokale. Dental sør var her med i prosessen med gode råd, og Rasim tegna klinikken allereie før leigekontrakta var underskreven. Rasim er  flink til å sjå løysingar og utnytte lokalet maksimalt, og er åpen for innspel og tilpassingar. Valget fall på Maxi senteret i Sandnes, i nærleiken av min eigen heim. Maxi hadde ei satsing på helse på gong , der dei planla eit nybygg med både lege, tannlege, fysioterapeut, kiropraktor og treningssenter. Alt dette er no på plass.

Vi starta med eit rålokale, og hadde eigne arbeidsfolk til å bygge klinikken.  Sidan vi ligg i eit kjøpesenter, var det viktig å bygge for framtida. Det ville bli vanskeleg å utvide arealet seinare(då er det oppteke). Prosjektleiar Sigmund Malmin frå firmaet Ordna,organiserte prosessen, noko som gjorde at eg kunne jobbe heilt fram til eg skulle opne klinikken. Klinikken er ca 200m2 og i største laget for ein tannlege, men vi valgte å innreie to rom i starten. Byggeperioda var på to måneder, så det var viktig at alt var nøye planlagt. Eddie frå Dental sør gjorde her  ein kjempejobb  med å planlegge alt det tekniske. Vi fekk blant anna flytta kompressor /sugemotor til etasjen under, slik at vi fikk godt fall og unngikk støy i klinikken. Alt gjekk etter planen, og 3.april opna eg Maxi tannhelse.

Min mann Fredrik Waage som har dreve tannlegepraksis på Klepp i mange år, hadde god erfaring med Dental sør både på utstyr, innreiing og service, og dei blei derfor ein naturleg samarbeidspartnar.  Frå fyrste stund var kvalitet i fokus ved bygging av klinikken. Trygve hos Dental sør gav meg dei beste råd på innkjøp, og eg meiner at valga har vore heilt rette for meg og klinikken.. Eg har valgt utstyr og innredning frå øverste hylle, og har heile tida hatt i tankane at både vi som jobbar her og  pasientane våre skal føle seg trygge på at vi brukar utstyr av kvalitet, og at vi skal trivast i moderne og flotte lokaler. Her skal eg vere heile mi arbeidskarriere.

Målet det fyrste året var å få klinikken opp å gå, og det har gått over all forventning. Vi har hatt mykje å gjere frå dag ein, utan å ha ei recallliste. 2019 starta derfor med at vi fekk ein assistenttannlege inn, Helena Kjølmoen Øen.  Vi er no to tannlegar og to sekretærar på to behandlingsrom,  men har lagt opp til at vi kan utvide til 7 behandlingsrom(rør og elektrisk står klart.) Sandnes er ein by i vekst, med svært få spesialistar , og eg håper at nokon kan vere interesserte i å samarbeide med oss i våre flotte lokaler. Kanskje er det også nokon som ynskjer å jobbe men ikkje drive praksis på slutten av si karriere som ynskjer et samarbeid? Det er berre å ta kontakt.

Etter nesten eit år i ny klinikk må eg seie at eg er svært nøgd med korleis klinikken har blitt, og eg hadde aldri fått dette til utan gode råd frå Dental sør. Kan anbefale alle som planlegger ny praksis å søke hjelp her. Vi har skapt ein arbeidsplass der både ansatte og pasientar trivast, og ser fram til å fortsette det gode samarbeidet vidare!